Verdens minste sløyemaskin blir montert på M/S A

"Aspholm" med Asle Sandøy i spissen kjøpte ei av dei første Sløye og kappemaskinen til Havfront under Nor-Fishing 2016. "Aspholm" har den siste tida vore på verkstad i Kristiansund, og i den samanheng var vi ombord for montering og oppstart. Havfront ser fram til å få i gong ei av dei første ordinære maskinen ombord på M/S "Aspholm". "Skrekk blanda fryd" uttalte Oddbjørn Gudmundsen med eit smil om munnen etter monteringsjobben i Kristiansund denne veka.

Havfront går ein spennande sesong i møte med dei første maskinen ute i ordinær drift. "No kan ikkje vi lenger skulde på at det er ei testmaskin, no må vi prestere", seier ein tydleg spent Oddbjørn Gudmundsen. "Loppa100" vart lansert i marknaden under fiskerimessa i Trondheim, og Havfront fekk inn dei første ordrene. 

DSCF0025.JPG

"Aspholm" var først ut, og vi var i Kristiansund for å montere maskina sist veke. Til vinteren blir det tett oppfølging av båt og mannskap for å trygge ein god oppstart. Havfront gler seg ilag med reiar og mannskap til å få starta opp fiskeriet så maskina kjem til nytte.

Havfront gratulerar M/S "Aspholm" med kjøp av maskin!


Fleire nyhende